Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

OboeBass! Concert at Mo kyrkje, Surnadal

October 31, 2017 @ 7:30 pm - 9:00 pm CDT

OboeBass!, verdas einaste obo/kontrabass duo, vil framføre sine unike musikalske blandingar av stil og lydar ved Mo kyrkje på 31. october. OboeBass! består av ekteparet oboisten Carrie Vecchione og bassisten Rolf Erdahl. Dei bur i Apple Valley i Minnesota, har spelt inn 5 CD’ar og held mange konsertar rundt om i Amerika.

Når musikarar giftar seg, vil dei naturlegvis ha ønskje om å lage nydeleg musikk saman. “Men når vi gifta oss, oppdaga vi at nesten ingenting hadde vore skreve for obo og kontrabass,” seier Vecchione. “Heldigvis hadde vi flinke komponist vener som ville hjelpe oss til å skape eit nytt repertoar, og no har vi fleire morosame og fascinerande stykker med stadig flere i vente.”

Musikken for denne konserten inkluderar fleire av dei sjarmerande stykka komponert for OboeBass! av Timothy Goplerud, Adrian Mann, Julie Johnson, og Eric Hansen, samt nokon av Edvard Grieg, Stephen Foster, og Astor Piazzolla.“ Dette er ein spesiell form for kammermusikk,” seier Erdahl, “med musikalske crossover mellom klassisk musikk og jazz, tango, og folkemusikk frå forskjellige land, med innflytelse frå litteratur, eventyr, og landskap. Musikken er teknisk krevjande for oss, spanande og hyggeleg for publikum. Vi kjenner dei fleste av komponistane våre personleg og dette gjev tilhøyrarar og oss, eit nærare forhold til musikken.”

Dette er en heimkomst for Erdahl. Oldeforeldrene hans var Lars Ingebrigtsen Røv og Ellen Krangness Røv som reiste fra Surnadal til Amerika rundt 1880. Rolf Erdahl har vore på besøk i Surnadal fleire gongar, og er veldig takknemleg for at han framleis har god kontakt og forhold med slektningane i området.

I slutten av oktober reiser Erdahl og Vecchione til Noreg i lag med døtrene sine, Ada og Ella. Denne reisa er i forbindelse med eit Griegseminar i Bergen, og blir det første besøket i Noreg for Carrie og jentene. Rolf budde i Bergen i eit par år som Grieg forskar og som musikar i Bergen filharmoniske orkester. Rolf var forskar i Griegsamlinga i Bergen ved hjelp frå Fulbright stipendiatet. Han vart invitert til å delta på seminaret i år grunna forskninga og doktoravhandlinga si over Griegs musikk. Han skal spele, undervise, og holde foredrag i Bergen, og spele OboeBass! konsertar med Carrie i Mo kyrkje i Surnadal og på Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Oppstryn.

Details

Date:
October 31, 2017
Time:
7:30 pm - 9:00 pm CDT
Event Category:

Organizer

Mo Kyrkje